Utfordringar med sesongarbeidskraft i landbruket også i 2021

Kasse med jordbær
Jordbær - et typisk sesongprodukt. Foto: Anne Berit Grasbakken.

Det finst mye informasjon på nett om sesongarbeidskraft både hos regjeringa, næringsorganisasjonar og andre. Det skjer stadig endringar i regelverket. I denne artikkelen har vi samla ein del relevant informasjon som ligg på nett.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.02.2021

I 2020 oppstod det utfordringar med å skaffe sesongarbeidskraft i landbruket på grunn av koronapandemien, og det same skjer i år. Skilnaden er at vi i år veit meir om smittevern og korleis vi må forhalde oss. Samstundes veit vi at reglane fort kan endre seg, og det er difor viktig å følgje med.

Det er først og fremst hos Regjeringen.no vi finn samla informasjon om gjeldande reglar og ordningar for arbeidskraft. Om det skjer endringar, skal denne informasjonen vere oppdatert. Elles har ulike organisasjonar i landbruket delt informasjon frå regjeringa, og i tillegg kan dei ha publisert eige stoff.

Vidare i denne artikkelen har vi vist til lenker som gjeld norsk arbeidskraft, utanlandsk arbeidskraft og til arbeidskraft frå Brexitlanda.

Sesongarbeidskraft frå Noreg

For å skaffe norsk arbeidskraft, vil regjeringa gjere det lettare å kombinere dagpengar og sesongarbeid i fiskeindustrien og i landbruket. Les meir hos regjeringa.

Regjeringa har kome med ei krisepakke til arbeidsledige og permitterte. Det er blant anna set av midlar til å søtte verksemder som tek inn ungdom på sommarjobb. Sjå meir her.

Statsforvaltaren i Innlandet har fått spørsmål frå fleire kommunar om arbeidskraft til saueklipping. Ein del sauebønder brukar normalt utanlandske klipparar. Norsk Sau og Geit har publisert ei sak om saueklipping i vårsesongen 2021. Dei gjennomfører opplæring av nye klipparar, og dei har ei liste med klipparar som har ledig kapasitet. Her finner du meir informasjon om saueklipping.

Mattilsynet har utarbeidd ein smittevernveileder for produsentar av frukt, bær, grønsaker og potet. Veilederen vart oppdatert februar 2021 og du finn smittevernveilederen her.

Sesongarbeidskraft frå utlandet

Informasjon om å reise til Noreg for å arbeide i landbruket finst hos regjeringa, sjå her.

Regjeringa har laga ein definisjon på kva som er viktige og kritiske samfunnsfunksjonar. Forsyningssikkerheit er ein samfunnskritisk funksjon som inkluderer matforsyning og produksjon av mat. Det er mogleg å få unntak for innreiserestriksjonar for utanlandsk personell i kritisk samfunnsfunksjon. Liste over kritiske samfunnsfunksjoner. 

Vi viser også til Statsforvaltaren sitt brev av 5. februar 2021 om samfunnskritiske funksjonar send tilkommunane i Innlandet.

Sesongarbeidarar frå Brexitland

Det er vanleg å bruke saueklipparar frå Brexitland til å klippe norsk sau. Etter 1. januar 2021 er ikkje britiske borgarar omfatta av det forenkla regelverket for EU/EØS-borgarar. Det er difor endringar i reglane om kven som kan få opphaldsløyve for å søke jobb i Noreg. Hos UDI er det informasjon om reglar for britiske borgarar som vil reise til Noreg.

Behovet for sesongarbeidskraft startar allereie i mars med saueklipping. Vi håpar artikkelen kan vere til nytte for dei som treng å vite meir om temaet sesongarbeidskraft i landbruket, og ønsker lykke til med sesongarbeid av alle slag!

Kontaktpersoner