Ny film om landbruket i Innlandet

Havreåker i Lillehammer
Havreåker i Lillehammer Foto: Karen Saksum.

Landbruket i Innlandet stod i 2022 for ei verdiskaping på over 13,4 milliarder kr. Dette og meir til kan du sjå og høyre om i den nye filmen.

 

Publisert 15.11.2024

Filmen vart publisert i samband med lansering av det nye kunnskapsgrunnlaget for landbruket den 29. oktober 2024. Dei nye tala er nå å finne i Innlandsstatistikk.

Innlandsstatistikk er ein nettstad med tal og informasjon som gir kunnskap om fylket vårt. Kunnskap er viktig for å ta gode avgjerder og skape ei god utvikling. Alle som vil vite meir om Innlandet kan hente ut nyttig informasjon og fakta her. 

Innlandsstatistikk er eit samaarbeid der Statsforvaltaren deltek saman med fleire andre aktørar.