Nye regler for lagring og bruk av gjødsel

Slangespreiar med bom. Foto Anne Berit Grasbakken

Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har fastsett ny forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv. (gjødselbrukforskrift). Forskrifta gjeld frå 1. februar.

Publisert 19.02.2025

Den nye forskrifta gjeld bruk av både husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Forskrifta har nye reglar som gjeld spreiemengder og spreietidspunkt. Krava gjeld ulikt i ulike delar av landet samstundes som det er overgangsreglar. Forskrifta gjeld også lagring av organiske gjødselvarer som husdyrgjødsel, biorest og avløpsslam.

Nye reglar er innretta mot å regulera og redusera tilføring av fosfor til jordbruksjord.

Dei fleste av krava i ny forskrift vil ikkje ta til å gjelde før 2027.

I Innlandet er spreiing av organiske gjødselvarer tillate i perioda 1. mars til 1. september,  med unntak for arealer som ikkje drenerer til Oslofjorden og som har spreiefrist 15. september.

Vekster som etablerast på hausten har og spreiefrist 15. september.

Innskjerpa spreiefrist på hausten vil føre til at ein del føretak vil få for lite lagerkapasitet.

Statsforvaltaren har anledning til å bestemme utvida spreiefristar for særskilde område. Vi vil sette i gang eit arbeid for å vurdere om det og kor dette er aktuelt i god tid før krava får effekt.

Fram til utgangen av 2025 skal gjødslingsplanleggingen følge kravene i gammel forskrift av 1. juli 1999 nr. 791 om gjødslingsplanlegging.

Sjå rettleiing for dei nye krava hjå Landbruksdirektoratet.

 

Her finn du og fosforkalkulatoren for å berekne om du har behov for meir areal for spreiing av husdyrgjødsel.