Kven bør bli kandidatar frå Innlandet til den nasjonale kulturlandskapsprisen?

Utsikt over bratt jordbruksområde med fjell i bakgrunnen og glimt av det grønne Vågåvatnet
Nordheradsprosjektet vart tildelt kulturlandskapsprisen i 2009 Foto: Stig Horsberg.

Nesten kvart år sidan 2007 har den nasjonale kulturlandskapsprisen blitt delt ut av Norsk kulturarv. Har du ein god kandidat til prisen, kan du sende forslaget til Statsforvaltaren innan 20. april.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.03.2022

Kulturlandskapsprisen blir delt ut til noen som har gjort ein spesiell innsats for kulturlandskapet. Både lag, foreiningar, institusjonar og privatpersonar kan nominerast. Innlandet har to tidlegare vinnarar: Nordheradsprosjektet i Vågå, som fekk prisen i 2009, og "historiske hagar" ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim i Ringsaker som fekk prisen i 2012. I fjor gjekk prisen til gardbrukar Reinert Kjølleberg på Lista (sjå omtale på heimesida til Riksantikvaren).

Statsforvaltarene, bondeorganisasjonane og andre er inviterte til å nominere kandidatar. Vi treng gode forslag til kven som bør få prisen i år! Send forslaget i det skjemaet du finn på denne sida. Fristen for å sende inn forslag er 20. april.

Det er stiftinga Norsk kulturarv som i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet deler ut prisen. I juryen sitt og bondeorganisasjonane, Riksantikvaren og Landbruks- og matdepartementet.  Prisen er eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl og 50 000 kroner som er løyvd av Landbruks- og matdepartementet.Kandidatane blir vurderte etter følgjande kriterium:

  • Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
  • Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
  • Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
  • Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
  • Det skal auke tilgjengelegheita for allmenta til kulturlandskapet
  • Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
  • Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping

Målet med å dele ut ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å

  • Bevisstgjera allmenta om utfordringar med å ta vare på kulturlandskapsverdiane
  • Auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet
  • Bevisstgjera om miljøverdiane i kulturlandskapet
  • Stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel

Du må ikkje fylle ut alle felta med grunngjeving, men bruk dei som passar best. Ei god grunngjeving er uansett det viktigste! Du kan og laste opp bilete, dokument og anna som utfyller det du har skrive.

Kontaktpersoner