Utsett søknadsfrist for regionale miljøtilskot i jordbruket
Landbruksdirektoratet har utsett søknadsfristen for å levere søknad om regionale miljøtilskot i jordbruket til til og med fredag 18. oktober. Dette gjer dei grunna kapasitetsutfordringar i tilskotssystemet, som gjer at mange søkarar ikkje har fått sendt inn søknaden sin innan den ordinære fristen i går.
Dersom du ikkje har fått sendt inn søknaden din innan 15. oktober, kan du altså fram til komande fredag sende inn søknad utan å få trekk i tilskotet .
Publisert 16.10.2024