Frist 15. september for å søke om regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket
Neste frist for å søke regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket (RT-midlar) er 15. september. Tilskotet skal legge til rette for regional næringsutvikling, og målet er å styrke verdiskapinga i landbruket.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kommunar, organisasjonar, forskings- og utviklingsinstitusjonar kan søke Innlandet fylkeskommune om tilskot til utvikling i landbruket frå dei regionale tilretteleggingsmidlane.
Det er fylkeskommunen som har ansvaret for ordninga, og Statsforvaltaren bidreg inn i arbeidet gjennom partnarskapen med fylkeskommunen, Innovasjon Norge og faglaga i landbruket.
Midlane blir lyst ut to gongar i året. Førre søknadsfrist var 15. mars i år, og da var det mogleg å søke både tilretteleggingsmidlar (RT-midlar) og midlar til rekruttering og kompetanse (RK-midlar). Det kom 17 søknader om RT-midlar og 12 søknader om RK-midlar, i alt 29 søknader. 22 av desse fekk støtte, og det vart delt ut 3,5 mill. kr.
Potten for RK-midlane i 2022 er nå brukt opp, og det blir difor inga ny utlysing av desse midlane før i 2023.
For meir informasjon og søknadsskjema sjå Innlandet fylkeskommune.