Forvaltingsplanar for 8 naturreservat på Smøla
Fylkesmannen har i samarbeid med Smøla kommune laga framlegg til forvaltingsplanar for åtte naturreservat i Smøla kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Forvaltingsplanane foreslår målsettingar for verneverdiane og brukarinteressene i området. Vidare viser planane korleis verneforskriftene skal tolkast og praktiserast. Til slutt foreslår ein tiltak gjennom skjøtsel, restaurering, overvaking og informasjon.
«Ein forvaltingsplan medfører ikkje noko skjerping i restriksjonsnivået eller nytt vern» understrekar seniorrådgjevar Ola Betten.
Planane foreslår m.a. å fjerne framande bartre og villmink. Det er også ønskjeleg å ha meir husdyrbeiting i nokre område. Det krevst god informasjon om verneverdiane gjennom skilting og brosjyrar.
Fylkesmannen oppmodar alle interesserte om å komme på informasjonsmøte på Smøla Rådhus onsdag 14. november kl. 19.00 – 21.00.
Eventuelle merknader kan sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde, eller postmottak@fmmr.no. Høyringsfristen er 1. desember 2012.