Forvaltingsplanar for tre naturreservat i Fræna kommune

Fylkesmannen har laga framlegg til forvaltingsplanar for naturreservata Farstadbukta, Hustadbukta og Langøyvågen. Dei tre naturreservata er verna havstrandområde i Fræna kommune. Planane ligg på høyring fram til 15. desember 2012.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.12.2012

Forvaltingsplanane har målsettingar for tilstanden til verneverdiane og brukarinteressene i reservata. Vidare viser planane korleis verneforskriftene skal tolkast og praktiserast. Til slutt foreslår ein tiltak som restaurering, skjøtsel, overvaking og informasjon.

«Ein forvaltingsplan medfører ikkje noko skjerping i restriksjonsnivået eller nytt vern» understrekar seniorrådgjevar Ola Betten.

Dei viktigaste tiltaka i planane er:
· Motverke gjengroing ved slått, rydding og husdyrbeiting i områda
· Fjerne framande planter som sitkagran og rynkerose
· Informere om verneverdiane gjennom skilting

Fylkesmannen oppmodar alle interesserte til å gje fråsegn til planane innan 15. desember 2012 til: Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshusa, 6404 Molde eller på postmottak@fmmr.no.