Kommunalkomiteen besøkjer Møre og Romsdal
Fylkesmann Lodve Solholm og komiteeleder Aksel Hagen (bildet) kunne nyte finværet fra taket av Plassen då Stortingets kommunalkomite var i Molde måndag.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Stortingets kommunalkomité besøkjer Møre og Romsdal 25. og 26. februar. Første dagen var sett av til besøk i Molde. Her fekk komiteen mellom anna besøkje bedrifta Astero som er kåra til «Årets attføringsbedrift». Omvisinga på Moldes nye jazz- og teaterhus Plassen, blei satt stor pris på. Seinare på dagen fekk komiteen ei orientering om fotballens betyding som regionbyggjar i fylket. Integrering av flyktningar, samhandlingsreforma og presentasjon av det interkommunale selskapet Gassror var andre tema denne dagen.
Tysdag 26. februar er komiteen i Ålesund. Her blir det besøk på Norsk Maritime Kompetansesenter, før fokus flyttas over på region- og kommunestruktur. Samanslåinga av Kristiansund og Frei, og Nordmøre sin plass i Møre og Romsdal er eigne tema. Mot slutten av besøket vil fylkesmann Lodve Solholm dele sine tankar om utfordringane Møre og Romsdal står ovanfor sett frå fylkesmannens ståstad.
Under relaterte dokument til høgre på sida finn du program og anna informasjon om besøket.