Når sjukeheim blir til omsorgsbustad
I eit brev til alle kommunar i fylket minner Fylkesmannen i Møre og Romsdal om saksbehandlingsreglane som gjelder når kommunar gjør sjukeheim om til omsorgsbustad.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 30.05.2013
Fylkesmannen i Møre og Romsdal er gjort merksam på at fleire kommuner i fylket har omgjort eller planlegg å omgjere sjukeheimsinstitusjonar til omsorgsbustader med individuelt tilpassa tenestetetilbod. I brevet som er sendt til alle kommunar vil Fylkesmannen særlig presisere at det skal gjerast individuelle utskrivingsvedtak for kvar einskilt bebuar, med grunngiving og opplysing om klagerett til fylkesmannen.
Les heile brevet under relaterte dokument til høgre.