Kommunane lærer eStil
eStil er det nye systemet for elektronisk søknad om tilskot til landbruket, og blir i haust teke i bruk for tilskot gjennom Regionalt miljøprogram. 18. og 19. juni var kommunane i Møre og Romsdal hos fylkesmannen på opplæring i det nye systemet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Når Statens Landbruksforvaltning no innfører eit heilt nytt, moderne og framtidsretta system for søknad om tilskot og behandling av søknader, er det viktig at brukarane får god opplæring. Fylkesmannen inviterte derfor alle kommunane til kurs. Arnold Hoddevik frå Fylkesmannen og Marianne Jæger Svendsen frå Tingvoll kommune har delteke i testing og utvikling av programmet, og sto for opplæringa av kommunane. Det er lagt vekt på enkle og likefram skjermbilde med gode forklaringar, og kursdeltakarane gav uttrykk for at det var enkelt å forstå kva som skal gjerast. Kommunane vil rettleie søkjarane, og det blir utarbeidd rettleiing på video.
eStil er forkorting for elektronisk søknad/saksbehandling av tilskot i landbruket. Det same systemet skal brukast til utfylling og levering av søknad, saksbehandling i kommunane, hos fylkesmannen og Statens Landbruksforvaltning, utmåling av tilskot til kvar enkelt søkjar, utbetaling, behandling og utbetaling av klager og produksjon av rapportar og statistikk om miljøtiltak i landbruket. Det nye fagsystemet inneheld også ei kopling til kart. Den fungerer slik at søkjaren og kommunen må teikne alle tiltak det vert søkt om tilskot til inn på eit kart, og då vert arealet utrekna automatisk.
Miljøplan trinn 1 får ei viktigare rolle i miljøprogrammet frå i år. Alle tiltak det vert søkt om tilskot til, skal no dokumenterast i miljøplanen, dvs vere teikna inn på kartet og omtalt og loggført.
Forvaltninga satsar no stort på at søkjarane skal levere søknaden via internett, i staden for å fylle ut papirskjema, som kommunen må registrere. Det har blitt enklare å logge på Altinn, fordi Altinn no kan bruke BankID til å identifisere den som loggar seg på – ein sikker og god metode, som dei fleste har tilgang til. MinID og Buy Pass kan også brukast. Det nye systemet er skreddarsydd for formålet og distribuert via internett. Datamaskin med vanleg nettlesar og tilgang til internett har dei fleste, og det trengs ingen program ut over det som følgjer med som standard i alle datamaskiner. Den som ikkje har eller kan bruke datamaskin, kan få hjelp hos kommunen.
Når søkjaren leverer søknaden elektronisk, er alle grunnleggande opplysningar allereie utfylt, opplysningane i søknaden blir fortløpande kontrollert, og søkjaren får kvittering når søknaden er sendt. Etterpå dukkar søknaden opp hos dei saksbehandlarane i kommunen, som har tilgang til å behandle slike saker.
Regionalt miljøprogram kom i stand frå 2004, for å synleggjere miljøinnsatsen i landbruket og for å møte ulike miljøutfordringar rundt i fylka med regionalt utvikla og meir målretta virkemidlar. Programmet vart revidert i 2008 og no i 2013, og den reviderte utgåva trer i kraft 1.7.2013 i lag med eit heilt nytt, moderne og framtidsretta fagsystem.