Tilskott til bygdemobilisering og utviklingstiltak
Fylkesmannen kan gje tilskott til prosjektarbeid som skal hjelpe fram landbruksnæringa og ny landbruksbasert verdiskaping. Dei som kan søkje, er organisasjonar, kommunar og institusjonar. Ein del av desse midla kan brukast til å støtte bygdemobiliseringsarbeid, som er lokalt utviklingsarbeid for å arbeide med næringsutvikling, tilflytting og trivsel.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 27.03.2015
Søknader skal sendast på eige skjema til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Boks 2520, 6404 Molde (e-post: fmmrpostmottak@fylkesmannen.no).
Søknadsfrist for bygdemoblilisering: 1. mai 2015. For andre utviklingstiltak vert søknadene behandla fortløpande.