Tilskott til klima- og miljøtiltak
Møre og Romsdal har fått 250 000 kroner til klima- og miljøtiltak i landbruket. Fylkesmannen ønskjer å prioritere organisasjonar som vil arbeide med for eksempel handtering av husdyrgjødsel, reduksjon av klimagassutslepp og hydrotekniske tiltak.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Sentralt er det opplista fire hovudkategoriar for støtte til klima- og miljøtiltak. Dette er klimatilpassing, klimagassutslepp og karbonbinding, naturmangfald og kulturminne i kulturlandskapet og forureining til vatn, jord og luft. Fylkesmannen kan innafor desse rammene velje å prioritere enkelte tema eller prosjekttyper.
Tilskotsmidla dette året vert i hovudsak prioriterte innafor desse emna :
- Robust matproduksjon med tanke på overvintring m.v.
- Lagring og handtering av husdyrgjødsel og biorest
- Grøfting og hydroteknikk
- Klimagassutslepp frå jordbruket og tiltak for å redusere utslepp av lystgass og metan
- Energieffektivisering
Aktuelle søkjarar kan vere:
- Landbruksforetak eller andre bedrifter
- Fag- eller næringsorganisasjonar
- Kompetansebedrifter, utgreiings- og forskningsmiljø
- Forvaltningsorgan som arbeider for betre miljøpraksis
Søknadsfristen er 20. mai.
Søknadane skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde eller som e-post: fmmrpostmottak@fylkesmannen.no