Rettleiing - klagebehandling ved klage på vedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter i fag
Elevar og føresette til elevar under 18 år har rett til å klage på standpunktkarakter i fag.
Elevar og føresette til elevar under 18 år har rett til å klage på standpunktkarakter i fag, jf. opplæringsforskrifta § 10-5 og privatskoleforskrifta § 7-5, dersom dei meiner at gjeldande reglar for fastsetting av standpunktkarakter, jf. opplæringsforskrifta § 9-16 og privatskoleforskrifta § 6-16, ikkje er følgt. Skolen må gi elevar og føresette informasjon om klageretten.
Les: Informasjon til elev og føresette om klage på fastsett standpunktkarakter | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Kva må skolen gjere når dei har mottatt klage?
Skolen må først vurdere om klagen skal takast til behandling. Klagefristen er 10 kalenderdagar. Merk at elevar under 15 år ikkje har sjølvråderett, dvs. at føresette må skrive under på klagen. Dersom klagen blir avvist, skal skolen fatte vedtak om det. Det er klageåtgang på et avvisingsvedtak.
Dersom skolen er samd i klagen og etter ny vurdering sett opp karakteren, må skolen fatte nytt vedtak. Vedtaket skal grunngjevast og eleven får ny rett til å klage. Saker som blir avvist eller saker skolen er samd i, skal ikkje sendast til Statsforvaltaren. Hva er nytt i reglene om klage på sluttvurdering? | udir.no.
Skolen må oversende saken til Statsforvaltaren dersom karakteren ikkje blir endra til gunst for eleven.
Kva må skolen sende til Statsforvaltaren?
Sjå merknadane til § 10-5 Klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag | udir.no og merknadane til § 7-5 Klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag | udir.no for ytterlegare informasjon om punkta under.
- Klagen
- Ei grunngjeving for at det ikkje er fastsett standpunktkarakter
- dersom overskriden fråværsgrense må fråvær og fråværsgrense oppgis.
- dersom manglande vurderingsgrunnlag må det visast til eleven sin kompetanse opp mot kompetansemåla og kva for kompetansemål faglærar ikkje har vurderingsgrunnlag i, og kvifor.
- Ein uttale om skolen si saksbehandling der skolen bekreftar at faglærar si grunngjeving oppfyller krava i regelverket. Den må vise til at eleven har blitt gjort kjent med kva som blir vektlagt i vurderinga, og kva som kan føre til at det ikkje gis standpunktkarakter i fag. Skolen skal også vise til når varselet blei gitt.
- Kopi av varsel etter opplæringsforskrifta 9-7 og privatskoleforskrifta § 6-7.
- annan relevant informasjon
Sakspapira sendes til Statsforvaltaren via vårt elektroniske skjema.
- Skolen skal sende kopi av saksdokumenta til klagar.
- Det er svært viktig at skolen gir rett informasjon og adresse til klagar i oversendinga til Statsforvaltaren.
Korleis behandlar Statsforvaltaren klagen?
Statsforvaltaren skal vurdere om skolens vedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter er i tråd med reglane i opplæringsforskrifta §§ 9-16 og 9-8 eller privatskoleforskrifta §§ 6-16 og 6-8 om fastsetting av standpunktkarakter i fag, og reglane om fråvær for vidaregåande skole og reglane om varsling, jf. Opplæringsforskrifta § 9-7 og privatskoleforskrifta § 6-7.
Resultatet frå klagebehandlinga kan vere at Statsforvaltaren enten stadfestar skolens vedtak, eller opphevar vedtaket. I saker der vi opphevar vedtaket, sendes saken tilbake til skolen for ny behandling. Skolen kan enten fastsette ein karakter eller oppretthalde vedtak om ikkje å gi standpunktkarakter. Dersom skolen fastsett ein karakter i den nye behandlinga, utløyser dette fornya klageåtgang. Det same gjeld dersom eit nytt vedtak om IV blir fatta på eit anna grunnlag enn det opphavlege vedtaket. Dersom eleven ikkje er varsla i tråd med opplæringsforskrifta § 9‑7 og privatskoleforskrifta § 6-7, skal det settast ein karakter for eleven.
Statsforvaltaren kan avvise klagen dersom klagefristen ikkje er overhalden eller reglane i forvaltningslova ikkje er oppfylt.
Kontaktpersonar
