Kombinasjon av privat grunnskoleopplæring i heimen og offentleg skole

Statsforvaltaren har motteke spørsmål frå fleire kommunar knytt til problemstillingar om føresette som ynskjer privat grunnskoleopplæring i heimen i kombinasjon med offentleg opplæring.

Publisert 16.01.2025

Slik Statsforvaltaren forstår spørsmåla omhandlar desse ikkje tilfelle kor eleven på grunn av langvarig sjukdom har behov for privat grunnskoleopplæring i heimen, og heller ikkje tilfelle kor eleven har fråvær frå skolen på grunn av ufrivillig skulefråvær. Vi går difor ikkje nærare inn på desse typetilfella.

Statsforvaltaren si vurdering

I opplæringslova § 2-2 er barn si plikt til grunnskoleopplæring lovfesta. I føresegna sitt første ledd annet punktum er det slått fast at grunnskoleopplæringa skal gjennomførast på ein offentleg skule, ein privat grunnskule som er godkjend etter opplæringslova § 22-1 eller etter privatskolelova, eller gjennom privat grunnskoleopplæring i heimen, jf. opplæringslova § 22-5.

I sin ordlyd viser føresegna til ulike opplæringsarenaer kor grunnskoleopplæringa skal gjennomførast. Føresegna seier ikkje noko om at grunnskoleopplæringa kan finne sted i kombinasjon med privat opplæring i heimen og offentleg skole.

Av merknader til føresegna i lovforarbeida, Prop.57 L (2022-2023), går det frem at dette er ei uttømmande skildring av korleis plikta til grunnskoleopplæring kan bli oppfylt.

Både ordlyden i føresegna og forarbeida taler altså for at lovgivar berre har meint å lovfeste tilfelle kor opplæringa skjer på ein av desse stadane, og ikkje har meint å lovfeste tilfelle med  kombinasjonsløysing av opplæringa.

Opplæringslova § 2-2 første ledd viser videre til opplæringslova § 22-5, privat grunnskoleopplæring i heimen. Føresegna lyder:

          «Foreldre har plikt til å melde frå til kommunen dersom dei skal gi barna privat grunnskoleopplæring i heimen.

          Den private grunnskoleopplæringa i heimen skal oppfylle krava til formålet med opplæringa i § 1-3, krava i § 1-4 andre ledd om at opplæringa skal vere i samsvar med læreplanar for fag og § 1-6 første ledd om fag- og timefordelinga, forbodet mot forkynning i § 14-5 og krava i § 14-7 til korleis opplæringa om emna kristendom, religion, livssyn og etikk skal leggjast opp.

          Kommunen skal føre tilsyn med at den private grunnskoleopplæringa i heimen oppfyller krava i andre ledd. Når kommunen får melding om at eit barn skal få slik opplæring, skal kommunen opne tilsyn innan tre månader etter at opplæringa tar til. Kommunen kan krevje at barn som får privat grunnskoleopplæring i heimen, tar prøver som kan vise om opplæringa oppfyller krava i andre ledd.

          Dersom opplæringa ikkje oppfyller krava i andre ledd, skal barnet gå på skolen».

På same måte som opplæringslova § 2-2 ikkje seier noko om kombinert opplæring, så gjer heller ikkje opplæringslova § 22-5 det. Dette understøttar etter Statsforvaltaren si vurdering  at lovgivar berre har tatt sikte på å gi reglar kor eleven i sin heilskap anten går i offentleg skole, privat grunnskole godkjend etter § 22-1 eller etter privatskolelova, eller mottek privat grunnskoleopplæring i heimen.

I forarbeida til føresegna, Prop. 57 L (2022-2023), merknad til § 22-5, står følgjande:

«Kommunane er ikkje forplikta til å akseptere løysingar der opplæringsplikta delvis blir oppfylt i skolen, og delvis blir oppfylt ved privat grunnskoleopplæring i heimen».

Også denne uttala i forarbeida taler for at § 22-5 ikkje gjeld ved kombinasjonsløysingar.

På bakgrunn av ovanståande vurderer difor Statsforvaltaren at retten til å gje privat opplæring i heimen etter § 22-5, berre gjeld i dei tilfella kor føresette i sin heilskap gjev privat grunnskoleopplæring i heimen.


Samanfatning og konklusjon

I dei tilfella kor eleven skal få privat grunnskoleopplæringa i heimen etter opplæringslova § 22-5, vil eleven bli utskriven frå den offentlege skolen. Kommunen sitt ansvar vil då knyte seg til å gjennomføre tilsyn med at opplæringa oppfyller krava i § 22-5 andre ledd. I forarbeida til opplæringslova, Prop. 57 L (2022-2023), merknad til § 22-5, er det gitt nærare uttale om innhaldet i eit slikt tilsyn, mellom anna at tilsynet må vere eigna til å avdekkje om opplæringa fyller krava i andre ledd.

I opplæringslova § 28-1 første ledd andre punktum følgjer det at kommunen har ansvaret for at reglane i lova som legg plikter på kommunen, skolen og tilsette i skolen, blir oppfylte. Det inneber at dersom kommunen ikkje oppfyller plikta til  å føre tilsyn med privat grunnskoleopplæring i heimen, så kan kommunen stillast til ansvar av dei som har rettar etter reglane, av handhevingsstyresmaktene, av tilsynsmakta eller av domstolen. Dette jf. forarbeida til føresegna, Prop. 57 L (2022-2023), merknad til § 22-5.

Dersom kommunen finn å akseptere ei kombinasjonsløysing, vil situasjonen etter Statsforvaltaren si vurdering vere at det er kommunen som har det daglege opplæringsansvaret og som skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1 jf. § 28-1. Dette då eleven enno er innskriven ved den offentlege skulen og skal få offentleg grunnskoleopplæring, men med innslag av privat grunnskoleopplæring etter avtale mellom kommunen og føresette.

At kommunen i slike tilfelle har dagleg opplæringsansvar, inneber også at alle pliktene som er pålagde kommunen i opplæringslova må etterlevast. Til dømes krav fastsett i opplæringsforskrifta § 9-9, om at kommunen skal ha eit system for føring av karakterar og fråvær, og opplæringslova § 10-6 om kommunen si oppfølgingsplikt overfor elevar med fråvær frå opplæringa. Dette er ei plikt som departementet i forarbeida til opplæringslova, Prop. 57 L (2022-2023), pkt. 13.3.4, har uttalt at gjeld ikkje berre ved høgt fråvær, men ved alt fråvær frå opplæringa.

Ettersom det er konkludert med at krava i opplæringslova § 22-5 ikkje gjeld i tilfelle med kombinasjon privat grunnskoleopplæring i heimen/offentleg skole, så har kommunen heller ikkje plikt til å føre tilsyn med opplæringa eleven mottek i heimen. Kommunen er derimot i slike tilfelle direkte opplæringsansvarleg på same måte som om eleven gjekk fulltid på den offentlege skulen. Det inneber mellom anna at kommunen må sikre seg at eleven samla sett mottek ei opplæring som er i samsvar med måla og prinsippa for opplæringa og fag- og timefordelinga, jf. opplæringslova § 2-3 med tilvisingar.

Ei slik løysing inneber med andre ord at det er kommunen som skal oppfylle retten til grunnskoleopplæringa og har ansvaret for denne jf. opplæringslova § 28-1, men at nokon andre delvis står for sjølve opplæringa. Vidare inneber ei slik løysing at dersom det på eit seinare tidspunkt blir reist erstatningskrav mot kommunen grunngjeve med mangelfull opplæring/tapt skulegang, kan kommunen bli halden ansvarleg.

Kontaktpersonar