– Noreg hadde vore fattigare utan dykk

Ser glade menneske og flagg i salen
Det var god stemning, hurrarop og flagg under seremonien i Molde. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Lena Skattum Sandvik.

Nye norske statsborgarar i Møre og Romsdal vart feira denne helga, og ønskt hjarteleg velkommen inn i det norske fellesskapet.

Publisert 25.08.2024

Ein spent varaordførar frå Rauma står utanfor Bjørnssonsalen på Scandic Seilet i Molde. Jan Peter Valde ventar på at årets Statsborgarseremoni skal byrje. Han står saman med ordførarkollegaene sine frå kommunane i fylket.

I 2023 vart det 803 nye norske statsborgarar i Møre og Romsdal. 152 av dei har meldt seg på feiringa denne siste søndagen i august.

Ei felles interesse for natur

– Dette er spennande! Eg har ikkje vore med på ein slik seremoni før, og har ikkje snakka med nokre av dei nye statsborgarane frå Rauma enda, seier Valde. Han håper at seremonien vil få dei til å føle seg ekstra velkomne.

– Rauma er jo  verda sin beste kommune for naturglade menneske, så eg håper dei nye borgarane som bur i kommunen vår vil vere med å ta vare på naturen, seier Valde.

Ikkje mange meter bortanfor møter vi David Zwirecki frå Polen. Han har budd 15 år i Noreg, og i 2023 vart han norsk statsborgar. No bur han i Åndalsnes i lag med kona Kinga Martha og sonen Filip Lars på snart fem år.

Varaordfører Valde i Rauma saman med familien til David Zwirecki.
Varaordførar i Rauma, Jan Peter Valde, helsar på David Zwirecki, som er ny norsk statsborgar og bur i Åndalsnes. Han er på seremonien i lag med kona Kinga Martha og sonen Filip Lars. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Lena Skattum Sandvik.

­– Det beste med Åndalsnes er naturen. Eg likar å gå tur, seier David til ein smilande varaordførar.

Elles var det jobb i Grande Trevare i Innfjorden, ein møbelfabrikk, som gjorde at David og familien slo seg ned i Åndalsnes.

 – Det er ein flott plass å bu. Vi har budd lenge i Noreg, og har ikkje planer om å flytte tilbake til  Polen, derfor ønskte vi å bli norske statsborgarar, fortel David.

Valde helsar på heile familien, og gratulerer David med norsk statsborgarskap.

– Eg er fødd i Noreg og trivst godt i barnehagen. Der har eg gode vener, fortel Filip Lars.

Høgtideleg og glad

Sjølve seremonien er høgtideleg og glad. I starten får assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste alle i salen til å vifte med flagg og rope «hurra»!

Elles er det musikk og song. Statsforvaltar Else-May Botten og ordførar Kjell Neergaard frå Kristiansund taler.

Dei to løftar begge opp viktigheita av å delta i samfunnet.

– Bruk stemmeretten din, oppmodar dei.

Statsforvaltaren tar oss med på reisa det er å bli norsk statsborgar, og snakkar om både språkprøve og samfunnskunnskapsprøver.

– Eg tippar at ikkje mange av ordførarane her inne veit kor mange innsjøar det er her i landet, men det veit de, smiler ho.

Bilde av Else-May Botten på talarstolen
Statsforvaltar Else-May Botten både tala og song for dei nye statsborgarane. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Lena Skattum Sandvik.

Botten løftar også opp særeigenheiter ved Noreg, som appelsin og kvikklunsj på tur og svele på ferja.

Ho oppmodar alle til å arbeide for å ta del i det norske samfunnet.

– Integrering skjer når du aktivt tar del i demokratiet, i arbeidslivet og organisasjonslivet. Noreg er eit av verdas beste land å bu i, velkommen i det fine norske fellesskapet, seier ho.

Kjell Neergaard følgjer opp med:

– De treng Noreg, men Noreg treng også dykk. Vi hadde blitt eit fattigare og kjedelegare land utan dykk nye norske statsborgarar.

Portrett av Kjell Neergaard
Kjell Neergaard ønskte velkommen til Møre og Romsdal på vegner av alle ordførarane i fylket. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Lena Skattum Sandvik.

Han oppmodar også dei nye statsborgarane til å ta vare på dei erfaringane, kulturen og livet dei bringer med seg frå landet dei kjem frå, og seier at Noreg treng bakgrunnen og kompetansen til alle nye borgarar.

– På vegner av alle ordførarar i Møre og Romsdal: Velkommen som norske borgarar, avsluttar han.  

Lovar truskap

Så går alle nye borgarar opp på podiet, kommunevis. Dei får rose og bok, og blir fotografert.

Deretter må alle reise seg å seie truskapsløftet til Noreg;

«Som norsk statsborgar lover eg truskap til mitt land Noreg, og det norske samfunnet. Eg støttar demokratiet og menneskerettane og vil respektere Noregs lovar.»

Til slutt rungar nasjonalsongen frå ei ståande forsamling.

Etter seremonien er det etterfest på hotellet. Her er kake, kaffi, is og brus til alle, slik det skal vere når vi feirar i Noreg.

Alle som var på seremonien er stilt opp utanfor Seilet hotell
Etter seremonien gjekk alle dei nye statsborgarane utanfor Seilet, og vart fotografert. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Lena Skattum Sandvik.