Barn i sjukeheim

Stortinget ber regjeringa straks klargjere for kommunane at praksis med barn som er busett på sjukeheim mot familiens ønske og barnets beste, er i strid med Stortingets intensjon og skal opphøyra.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.09.2018

Viser til brev frå Helse- og omsorgsdepartementet, frå august 2018 til alle landets kommunar, for å gjere kommunane merksam på Stortingets vedtak nr 509 (2017-2018). Det er viktig at tenestetilbodet til barn vert utarbeidd i samarbeid med barnet og barnets familie.

Det fullstendige brevet ligg under dokument på høgre side.