Statleg godkjenning av kommunane sine låneopptak
Regjeringa legg fram forslag om at alle vedtak om å ta opp lån i kommunane skal godkjennast av fylkesmannen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Som følgje av kommunereforma har Kommunal- og moderniseringsdepartementet utarbeidd eit framlegg til lovendring som styrker den statlege kontrollen med økonomien til kommunane. Føremålet med framlegget til lovendring er å sikre at kommunane ikkje gjennomførar uheldige økonomiske disposisjonar og strategiske tilpassingar i forkant av reforma.
Framlegget inneber at kommunale vedtak om låneopptak og langsiktige leigeavtalar ikkje er gyldige før dei er godkjent av fylkesmannen for budsjettåra 2015 til 2017. Departementet vil leggje opp til ei effektiv og ubyråkratisk handsaming av søknader om godkjenning av låneopptak. Det vil ikkje bli klageadgang på fylkesmannen sitt vedtak.
Høyringsfristen er satt til 25. juni 2014.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil sende brev til kommunane i fylket om korleis opplegget blir her i fylket etter at lovforslaget er handsama av Stortinget.
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44