Informasjonsbrev veke 12/2024

Bildet viser logo for informasjonsbrevet

 

  • Skjønnsmidlar til interkommunale samarbeid på landbruk 
  • Foreslå kandidatar til kulturlandskapsprisen 2024!
  • Nytt Gårdskart aktuelt 1/24 
Publisert 20.03.2024

Skjønnsmidlar til interkommunale samarbeid på landbruk 

Statsforvaltaren inviterer kommunane til å søkje på skjønnsmidlar for 2025. Satsingsområde for dei næraste åra blir å møte omstillingsbehovet i kommunane med mellom anna meir strukturerte interkommunale samarbeid. Kommunane kan søkje om prosjektskjønnsmidlar til å bygge opp meir strukturerte og berekraftige interkommunale samarbeid, mellom anna på landbruk. 

Søknadsfrist er 1. juni. 

Les meir om invitasjonen og brevet til kommunane her. 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger  

 

 

Foreslå kandidatar til kulturlandskapsprisen 2024! 

Kvart år deler Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ut Kulturlandskapsprisen. Prisen går til den eller dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet. 

Alle kan fremme forslag på kandidatar og vi oppfordrar spesielt kommunane til å komme med forslag.   

Frist til å komme med forslag på kandidatar er 1.mai. 

Her finn du meir informasjon om årets utlysing og korleis du kan foreslå din kandidat   

Kontaktperson: Ragnhild N.Aas  

 

Nytt Gårdskart aktuelt 1/24 

Her kan du mellom anna lese om:  

- Feltkurs AR5 

- Kurs i AR5web 

- Oppdatert Arealressurstatistikk og Arealbarometer 

- Nytt i Kilden: Grunnkart for arealregnskap (testversjon) 

Link til nettside: Gårdskart aktuelt 1/24 

Kontaktperson: Odd Løset