Informasjonsbrev veke 17/2024
- Tydelegare krav til å forynge skog
- Digital kartfesting obligatorisk i ØKS frå 15. mai 2024
- Ny oversikt over “kven gjer kva” på landbruksseksjonen hjå Statsforvaltaren
Tydelegare krav til å forynge skog
Landbruks- og matdepartementet har med verknad frå 1/1-2024 fastsett endringar i Forskrift om berekraftig skogbruk. Endringane skal gjere det enklare for kommunane å følgje opp foryngingsplikta. Der bartre utgjer meir enn halvparten av hogstvolumet skal det foryngast med bartre. Eventuelt skifte av treslag frå bar til lauv kan berre skje etter godkjenning frå kommunen. Les meir her.
Kontaktperson: Odd Løset
Digital kartfesting obligatorisk i ØKS frå 15. mai 2024
Digital kartfesting av skogbrukstiltak blir gjort obligatorisk i ØKS ved behandling av søknad om tilskott/refusjon av skogfond. Unntak er ‘Gjødsling fastmark’ (Hovudkode 011) med metode helikopter blir motteke av entreprenør og lagt inn som eige kartlag i ØKS etter enda gjødselsesong. For bestand som vert gjødsla med annan metode enn helikopter, skal tiltaket kartfestast digitalt sjølv om det ikkje står som obligatorisk i ØKS.
Endringa medfører ingen nye krav til skogeigar, digital kartfesting vil framleis være valfritt for skogeigar, men er obligatorisk for kommunen ved behandling av søknad.
Kontaktpersonar: Odd Løset og Åslaug Røberg
Ny oversikt over “kven gjer kva” på landbruksseksjonen hjå Statsforvaltaren
Det er publisert ei ny oversikt over kven som har kva for oppgåver på landbruksseksjonen. Oversikta finn de på våre heimesider under tema “Landbruk og mat”, i høgre margen på sida. Sjå her: Landbruk og mat | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no) Eller så kan de gå via denne direktelenka
Kontaktperson: Ragnhild N.Aas