Informasjonsbrev veke 20/2023
- Det er lønsamt å la skogen vekse litt til
- Ny podkast: Den fantastiske skogen
- ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-05 – Frist 26. mai
- Hoppid nettverkssamling 6. - 7. juni i Ørsta
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er lønsamt å la skogen vekse litt til
Både skogeigar og klimaet tener på at skogen ikkje vert hogge for tidleg. Dette er temaet for ein kronikk som Frank Madsøy og Christina Qvam Heggertveit har skrive. Oppmodinga deira er: La skogen vekse gjennom den mest produktive livsfasen. Det gir meir lønsamt tømmer, samtidig gjer trea ein viktig jobb for framtida og for klima. Kronikken finn du her.
Kontaktperson: Christina Qvam Heggertveit
Ny podkast: Den fantastiske skogen
Tømmeret vi tek ut frå skogen gir inntekter og sysselsetjing. Samtidig skal vi ta vare på naturen og det yrande livet i skogen. Skogen gir oss oksygen og lagrar karbon.
Drift og vern av skog er det temaet i denne utgåva av Statsforvaltaren sin podkast «For folk og natur». Med i podkasten er statsforvaltar Else-May Norderhus, fylkesskogmeister Åsmund Asper og rådgivar Hege Steigedal.
Kontaktperson: Åsmund Asper
ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-05 – Frist 26. mai
Virkesopplysningar for periode 2023-05 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er 26. mai. Det er viktig at dette blir godkjent innan fristen! Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg
Hoppid nettverkssamling 6. - 7. juni i Ørsta
Statsforvaltaren, Fylkeskommunen og Innovasjon Norge inviterer til nettverkssamling 6. - 7. juni for Hoppid kontaktar og andre som jobbar med næringsutvikling i kommunen. Eit spennande program, der vi mellom tysdag 6. juni skal få inspirasjonshistorier om næringsutvikling og bedriftsnettverk innan reiseliv/landbruk.
Frist for påmelding: snarast og seinast 23. mai.
Pris for heile samlinga frå 6.-7. juni inkl. middag og overnatting kroner 1 500. Vi bookar overnatting.
Avbod etter 23. mai vert belasta med eit «ikkje møtt» honorar på kroner 1500.
Påmelding og informasjon om allergiar til may.britt.roald@mrfylke.no , tlf. 466 96 382.
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger