Informasjonsbrev veke 27/2023
- Informasjonsbrev – sommaren 2023
- Endring av kode i ØKS
- Ny versjon av ØKS og SKART
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
På grunn av ferieavvilkling blir det ikkje sendt ut informasjonsbrev i vekene 29, 30, 31 og 32 . Det vil da bli sendt ut enkeltvise e-postar om det skulle dukke opp noko saker som hastar i denne perioden.
Kontaktperson: Tone Helen Rørseth
Grøfte- og bekkerensk blir til grøfterensk, og har fått hovudkode 003 Grøfterensk. Bekkerensk er eit tiltak som ikkje heimlar bruk av skogfond. Eventuell bekkerensk kan og i nokre tilfelle krevje særskilt godkjenning etter vannressursloven.
Kontaktperson: Odd Løset
Brukarar av dobbeltrolle i ØKS kan no opprette prosjektsøknadar.
Det er gjort nokre endringar i ØKS opp mot SKART slik at det no er mogleg å gjennomføre NMSK-kontroll i SKART. Endringane vert implementert i løpet av veka. Dette krev oppdatering av SKART-appen hjå nokon, medan det hjå andre skjer automatisk. Ved å markere tiltak til kontroll frå ØKS til SKART finn ein tiltaket i SKART umiddelbart. Digital kartfesting av tiltaket skal ikkje gjerast i SKART. Landbruksdirektoratet har laga ei ny brukarrettleiing for SKART som vert sendt ut via epost.
Kontaktperson: Odd Løset