Kva må til for auka bruk av Inn på tunet i vidaregåande opplæring?

Dette spørsmålet skal ei kartlegging hos dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal prøve å gje svar på.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Som del av eit nasjonalt Inn på tunet-løft, vart Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tildelt ein av fire pilotprosjekt av Landbruksdirektoratet hausten 2020. Vår pilot er retta mot mogelege innkjøpararar av Inn på tunet-tenester i den vidaregåande skulen. Meir informasjon om Inn på tunet-løftet finnast her: https://www.innpatunetloftet.no/nn/
Som ledd i prosjektet skal Oxford Research gjennomføre ei kartlegging av mogelegheiter og bruk av alternative opplæringsarenaer i den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal.
Mogelegheiter for Inn på tunet-tenester i vidaregåande opplæring
Studien skal kartlegge behov, kunnskap, erfaringar og mogelegheitsrommet som Inn på tunet representerer, sett frå skulane og skuleeigar sitt perspektiv. Gjennom kartlegginga ynskjer vi å få kjennskap til kva som må til for auka bruk av Inn på tunet-tenester i vidaregåande opplæring.
Rapporten frå Oxford Research skal vere klar 15. august.