Kva kan tre som byggemateriale nyttast til?
Under eit seminar i Molde 22. september vil ulike løysingar for å bygge større bygningar i tre bli presenterte. Med Romsdalsmuseet og nye Romsdal VGS som særprega og nyskapande eksempel vil vi presentere gode løysingar for lyd, brann, drift, arkitektur og økonomi.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 30.08.2016
Tre er lett og sterkt, og er derfor godt eigna i konstruksjonar. Noreg har lange og gode tradisjonar for trebruk. Tre er klimanøytralt og eit miljømessig godt val, og kan nyttast til det meste. Framtidas byggemateriale veks bokstaveleg talt på tre!
Les meir om seminaret, og meld deg på til ein inspirerande dag her.