Stor interesse for å kjøpe statleg mjølkekvote

258 mjølkeprodusentar i Møre og Romsdal får tilbod om å kjøpe 543 000 liter i mjølkekvote frå staten. Behovet dei meldte inn, var over 11 millionar liter. Interessa for å kjøpe mjølkekvote er stor over heile landet.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.11.2015

 

På landsbasis får 3 172 søkjarar tilbod om å kjøpe om lag 6,3 mill. liter kumjølkkvote frå staten, det er 10,6 prosent fleire søkjarar enn i fjor. Mjølkeprodusentane ønskte å kjøpe heile 165 millionar liter. Samanlikna med 2014 er kvotemengda kjøparane får tilbod om å kjøpe redusert med 38,1 prosent.

I jordbruksoppgjeret 2014 auka regjeringa andelen kvote som kunne seljsast på den private marknadent frå inntil 50 prosent til inntil 80 prosent og dobla mjølkekvotetaket til 900 000 liter.

Alle som eig landbrukseigedom kan kjøpe mjølkekvote, både frå staten og private seljarar. Prisen på kvoten seld til staten – og kjøpt av staten – er 2,50 kroner pr liter. Prisen på privat omsett kvote er ikkje regulert og det er opptil kvar einskild seljar og kjøpar å bli einige. Åtti prosent av kvoten kan seljast privat, medan 20 prosent må seljast til staten. Sidan prisen på kvote kjøpt av staten er låg, er det derfor mange som melder inn ønskje om kjøp.

Når det gjeld geitmjølk, er det ein seljar av kvote i Møre og Romsdal.