Besøkte dyktige bønder

Bygg i massivtre, effekten av omgraving av myr på utslepp av klimagassar, kjøtproduksjon på storfe, Nofence, og sauebruk var tema for landbruks- og matminister Jon Georg Dale sitt besøk i fylket 1. november 2016.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.11.2016

Massivtre

Besøket starta på Romsdal vidaregåande skole, der vi fekk omvising i det nye skulebygget. Byggemateriala er konstruksjonar i massivtre, noko som gir fleire fordeler, slik som kortare byggetid, betre miljø, betre brannsikkerheit, binding av karbondioksyd.

Landbruk nordvest orienterte om prosjektet Drainimp. Prosjektet har undersøkt korleis omgraving av myr påvirkar utslepp av klimagassar.

Besøk på Romsdal videregående skole, Molde

Rabben Gard

I Bådalen driv familien  Arfinn Gustad og Asbjørg Ingeborgvik eit bruk med kjøtproduksjon på storfe, om lag 150 storfe og 100 sauer. Dei driv også med rideopplæring og hundedressur og aktivitetsgard for ungdom. Dei to borna på bruket deltek også aktivt i drifta, og synte imponerande innsikt, kunnskap og interesse. Ikkje minst hadde dei to gutane klare og framtidsplaner med store ambisjonar.

Familien på Rabben Gård og Landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Nofence

Under lunsjen på Bjartmars favorittkro på Kårvåg fekk vi ei interessant orientering frå innehavaren av kroa, om korleis det er å etablere ei serveringsbedrift av dette slaget, om fordeler og utfordringar ved å satse på lokal mat. Du vil ikkje angre på å innta eit måltid der.

Folk frå Nofence orienterte om dei store utfordringane med å få godkjenning for å ta i bruk teknologien og komme i produksjon. Nofence kan gije store fordeler i sparte gjerdekostnader, og kan gjere det mogleg å utnytte beiteområde, som elles ikkje kan utnyttast. Landbruks- og matministeren lova å følgje opp saka med Mattilsynet.

Folka frå Nofence og Landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Nofence er eit gjerdesystem, som går ut på å avgrense eit beiteområde i kartet ved hjelp av koordinatar. Dette vert programmert inn i eit lite apparat, som geita eller sauen ber rundt halsen. Når dyret nærmar seg yttergrensa for beitet, blir det gitt eit lydsignal frå apparatet, og dyret vil til vanleg snu. Viss det likevel held fram mot yttergrensa, kjem det fleire pip, og til slutt eit elektrisk støt.

Kjøtproduksjon

Hos Leif Helge Kongshaug og familien har dei bygt opp ei moderne drift basert på jordressursar i nabolaget og eigen kompetanse. Då Kongshaug starta, hadde bruket 9 dekar jordbruksareal. I dag driv dei nesten 900 dekar med slått og beite. Neste generasjon er i ferd med å overta, og familien har lagt ned ein imponerande innsats.

Tre generasjonar Kongshaug og Landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Sau

Hos Hilmar Kleppe og Jorunn Kvernen i Frei driv dei med sau. Det vart gitt ei grundig innføring i ein årssyklus på bruket. Fleire teknologiske nyvinningar var tekne i bruk. Skifteplanappen på telefonen gir dei mulegheita til å oppdatere gjødslingsplanen mens dei er ute på skiftet og arbeider. Inne i fjøset er der også tekniske hjelpemidlar, som held styr på dyra, vekt og  behandling, fôring og anna, som betyr mykje for økonomien i sauedrifta.

Rovdyr er ei utfordring også her i distriktet. Sauene beiter i område med gaupe, og den tek nok ein del lam i beitesesongen. Tap på beite påvirkar drifta økonomisk, og er ei personleg belastning.

Jon Georg Dale og Hilmar Kleppe ved bålpanna i sauefjøset

Sauer i fjøset hos Jorunn Kvernen og Hilmar Kleppe