Vi vil heidre gode gardbrukarar
Landbruksselskapet ønsker å dele ut ein pris for å heidre folk i landbruket som har gjort ein spesiell innsats for å fremje næringa.
– Prisen kan gå til ein gardbrukar som har hjelpt ein kollega. Eller ein gardbrukar som har inspirert andre ved god drift. Den kan også gå til nokon som har gjort ein ekstra innsats i å utvikle lokalsamfunnet, fortel Brit Kari Eidseflot Hauger. Ho er underdirektør for landbruk hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Eidseflot Hauger meiner det er mange dyktige personar i landbruket som gjer ein innsats som kan kvalifisera til ein slik pris. Ho synest at det er viktig at desse får den anerkjenninga dei fortener.
Ønsker kandidatar
Møre og Romsdal landbruksselskap ønsker altså kandidatar til ein inspirasjonspris. Forslaget må komme innan 15. januar 2025.
– Vinnaren får eit kunstverk og 10.000 kronar. Prisen skal overrekkast på Landbrukskonferansen i starten av mars, fortel Eidseflot Hauger.
Ho seier at alle kan komme med forslag til kandidatar. Ein kan foreslå at ein gardbrukar, ein gardsfamilie eller eit fellestiltak som er ein god ambassadør for landbruksnæringa skal vinne prisen. Alle landbruksproduksjonar er aktuelle.
– Prisen skal anerkjenne dei som får han, og samtidig vise fram gode eksempel frå landbruket til inspirasjon for andre i næringa.
Fleire står bak prisen
Det er styret for Landbruksselskapet som peikar ut vinnaren etter å ha vurdert dei innsendte forslaga.
Styret består av underdirektør for landbruk hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, fylkesleder i Møre og Romsdal bondelag, fylkesleder i Møre og Romsdal bonde- og småbrukarlag og ein representant frå regional og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Sjå kriterium for kandidatar og korleis du sender inn forslag i faktaboksen til høgre.
Kontaktpersonar
Kriterium som vektleggast ved val av vinnar
Kandidaten
- har profilert landbruket på ein positiv måte i offentlegheita.
- har fremma positive idear for vidareutvikling av bygdene i Møre og Romsdal.
- er eit forbilde i arbeidet for vidareutvikling av kulturlandskapet.
- har profilert og gjennomført jordbruksdrifta si med høy standard.
- har hjelpt yrkesbror/søster gjennom ein vanskeleg periode.
- har utvikla nye produkt eller tenester som kan gjere landbruket meir robust.
Forslagsfristen er 15. januar 2025.
Grunngjeve forslag sendast til Per Eldar Nakken