Pressemelding i anledning H.K.H. Kronprins Haakon sitt besøk i Rauma 12. og 13. mai 2016

12. og 13. mai 2016, vil H.K.H. Kronprins Haakon besøke Åndalsnes i samband med opninga av Norsk Tindesenter.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.05.2016

12. mai

  • Kronprinsen besøker bedrifta Aak Safety.

13. mai

  • Det kan verte moglegheit for ein skitur for Kronprinsen m/følgje, men dette er enno ikkje avklart.
  • Kronprinsen opnar Norsk Tindesenter
  • Kronprinsen vil saman med Generalsekretær i Den Norske Turistforening, Nils Øveraas legge ned ein grunnstein i Tindesenteret.

Presse som ønskjer å dekke Kronprinsen sitt besøk på Åndalsnes må søke om akkreditering innan tysdag 10. mai kl. 14:00, ved å fylle ut dette skjemaet.

Når det offentlege programmet vert klart vil vi leggje ut dette på heimesidene våre http://www.fylkesmannen.no/mr.

Dei som vert akkrediterte vil få tilsendt detaljert presseprogram for dagane.