Stor reform skal betre rettstryggleiken

Den nye verjemålslova trer i kraft 1. juli 2013. Frå denne datoen vert rundt 420 overformynderi rundt om i kommunane lagt ned og arbeidet overført til Staten ved 18 fylkesmannsembete.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.05.2013

-Verjemålsordninga er eit viktig velferdsgode. Reformen moderniserer og gjer verjemålsforvaltinga meir tilpassa dagens samfunn, seier seksjonsleiar Janne Woie (bildet) hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Den nye lova skal sikre at verjemålet ikkje går lenger enn naudsynt og at det er i tråd med den verjetrengande sine ønskjer.  Samstundes er det tatt grep for å auke rettstryggleiken, og få ei meir lik verjemålsforvalting landet over.

Auka rettstryggleik
Det er om lag 2500 personar i Møre og Romsdal som har verjer. Dette er både mindreårige og vaksne som av ulike grunnar ikkje er i stand til å ta hand om eigne interesser. Det er eit stort spenn i kva for utfordringar dei verjetrengande har. Eldre på institusjon, personar med rus- eller psykiske problem og mindreårige med formue er døme på personar som kan falle inn under verjemålslovgivinga. Woie peikar på at reforma skal auke rettstryggleiken for alle desse gruppene.

-For vaksne med verjemål, ser vi at behovet for hjelp er svært individuelt. Det er eit viktig formål med verjemålsreforma at verjemålet ikkje skal ha større omfang enn hjelpebehovet. Verjemålet skal vere tilpassa den enkelte sitt behov for hjelp, og ikkje omvendt, understrekar Woie. Verjemålsreforma er slik sett vel så mykje ein haldningsreform som ein lovreform.   

Til saman har dei verjetrengande i fylket om lag 400 millionar kroner som blir forvalta av overformynderia. Beløpsgrensa for når verjemålsstyresmakta skal forvalte midlane til den verjetrengande er no heva frå kr. 75.000,- til 2 x Folketrygda sitt grunnbeløp som for tida er på kr. 82.122. Ny verjemålslov gjer vidare endringar i måten finansforvaltinga skal skje på. Midlane som verjemålsstyresmakta forvaltar kan berre plasserast i godkjente banker og i spesifikke plasseringsalternativ. For å oppnå sikker men god avkastning av desse midlane, har Staten som ein del av verjemålsreforma forhandla med bankane i Norge og landa på 46 bankar som får tilby kapitalkonti til personar under verjemål.

Nye utfordringar i samfunnet
Med ny verjemålslov blir gammalt regelverk frå 1898 og 1927 erstatta med et oppdatert regelverk som er tilpassa dei utfordringar vi møter i samfunnet i dag. Norge kan når reforma trer i kraft endelig ratifisere FN-konvensjonen av 13. desember 2006 om rettighetene til menneske med nedsett funksjonsevne. Det er fleksibiliteten i det nye regelverket så langt gjeld spesialtilpassa verjemål til den enkelte, som no gjer dette mogleg.  
-Medan det gamle regleverket i særleg grad var retta mot økonomiske interesser er det i dag stadig aukande behov for hjelp også i personlege saker. Vidare ser vi at personar med alvorlig spilleavhengighet og rusavhengige ofte har utfordringar når det gjeld å handtera eigen økonomi, seier Woie.

-Dette er nye grupper som no vil kunne falle inn under verjemålslovgivinga. I tillegg opnar den nye lova for ei ny ordning der den rettsleg handleevna kan bli tatt ifrå, heilt eller delvis. Dette vil erstatte dagens umyndiggjering, og er eit verkemiddel vi håpar kan gjere det enklare å spesialtilpasse hjelpetilbodet til den enkelte.  

Woie peikar også på at den nye verjemålslova opnar for gode private alternativ til verjemål.  
-Ein kvar kan, medan han har helse til det, skrive ei framtidsfullmakt som bestemmer kven som skal ta hand om interessene sine når ein ikkje lenger er i stand til å handle på eigen hand, seier Woie. Legalfullmakt er ei lovfesting av ei praktisk ordning som gir nærståande rett til å hjelpe til med daglegdagse gjeremål som t.d. å betale rekningar når helsa svikter, utan vidare formkrav.

Overgang
Kommunane har i utgangspunktet ingen rolle lenger i den nye verjemålslova. Dei politisk valde overformynderia forsvinner også. Alt blir overført til Fylkesmannen. Saman med sine medarbeidarar skal Woie sørgje for at overgangen frå det gamle overformynderiet til ei meir tidsriktig teneste hos Fylkesmannen går så glatt som mogleg. Det er inga lett oppgåve. Ei utfordring er å sikre at det blir nok verjer.
- Alle som er verjer i dag vil fortsette det viktige arbeidet sitt også etter at Fylkesmannen tar over ansvaret for verjemålsordninga. Mange av desse er nærståande til den verjetrengande. Ein del av samfunnsutviklinga som den nye verjemålsloven har tatt høgde for, er at det blir stadig fleire utan nærståande og stadig fleire med komplekse familie- og formuesforhold. Dette er bakgrunnen for at Fylkesmannen også må rekruttere nye verjer. Fylkesmannen vil gi verjene opplæring og rettleiing, i tillegg til bistand i konkrete problemstillingar slik at dei kan utøve vervet sitt på best mogleg måte. Den nye lova opnar òg for at det kan gis godtgjering og utgiftsdekning til verjene i større grad enn i dag, seier Woie.
For å komme i betraktning som verje må ein være samfunnsengasjert og ha tid til oppdraget. I første omgang går vi nå ut og søkjer etter femten nye verjer. Dei som ønskjer å bli verjer eller ønskje å vite meir kan gå inn på www.vergemal.no