Strandsone

Strandsona skal bevarast som verdifullt natur- og friluftsområde, og sikrast god tilgjenge for ålmenta. Den nye plandelen av plan- og bygningslova (PBL) gjev nye og innskjerpa føringar for strandsona. Desse er utdjupa i statlege planretningsliner for differensiert forvalting av strandsona langs sjøen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.12.2012

Byggjegrense mot sjø
For å fråvike 100-metersbeltet må kommunen setje byggjegrenser mot sjø (PBL § 1-8 tredje ledd). Ved fastsetjing av byggjegrense i 100-metersbeltet langs sjøen krev Fylkesmannen at strandsona si betyding for landskap, natur og friluftsliv er vurdert og dokumentert. Kartlegging av funksjonell strandsone er ein eigna metode for dette.

Byggjegrense må vurderast for nye område som er tenkt lagt ut til utbygging i ny kommuneplan og område som er sett av til utbygging i gjeldande kommuneplan.

I allereie utbygde område i 100-metersbeltet langs sjøen bør det ikkje opnast for vidare utbygging nærare sjøen enn eksisterande utbygging. Der eksisterande bebyggelse går nærare sjøen enn 50 meter, bør byggjegrensa setjast på 50 meter. Eventuell utbygging nærare sjøen enn 50 meter, bør berre skje etter at ei konkret vurdering syner at utbygging ikkje kjem i konflikt med strandsoneverdiar. I by- og tettstadsområde skal trong for fortetting og sentrumsutvikling leggjast vekt på.

Plankrav i strandsona
Fylkesmannen forventar at det i kommuneplanar vert sett krav om reguleringsplan for all vidare utbygging i 100-metersbeltet i strandsona. Det gjeld både for nye byggjeområde i kommuneplanen og eksisterande byggjeområde som ikkje er regulerte.

Fornying/føremålsendring av gamle, utbygde byggjeområde i strandsona
I mange kommunar finst det gamle, utbygde areal ved sjøen som det er ynskje om å fornye. Ofte er det snakk om gamle industriområde. Dersom det er aktuelt å nytte slike område til nye føremål, forventar Fylkesmannen at det i kommuneplanprosessen først vert vurdert om det i kommunen/nærområdet er trong for meir areal til sjøretta verksemd, slik som småbåthamner eller næringsområde med sjøtilgang. Ved å nytte allereie utbygde område til slike føremål, kan ein unngå nedbygging av ubebygd strandsone.

Der det vert lagt til rette for fornying/føremålsendring av gamle, utbygde byggjeområde i strandsona, er det ei nasjonal arealpolitisk føring at områda nærast sjøen vert sikra for allmenn tilgang. Fylkesmannen forventar at det vert sett rekkjefølgjekrav knytt til opparbeiding av strandsona for ålmenta.

Næringsverksemd i strandsona
Behovet for næringsutvikling og arbeidsplassar kan tilleggjast vekt i vurderinga av tiltak i 100-metersbeltet. Desse omsyna må vegast opp mot omsynet til dei allmenne strandsoneinteressene.

Nokre næringsområde er avhengige av å liggje ved sjøen. Dette kan til dømes gjelde industri som treng hamn i nærleiken og sjøretta reiselivsanlegg. Allereie utbygde areal bør som nemnt vurderast for slik bruk. Når det gjeld reiselivsanlegg, kan eksisterande bygningsmasse som står ubrukt, til dømes gamle sjøbruksmiljø, vere eit alternativ. Gjennom bruksendring kan slike bygg vernast gjennom bruk.

Småbåthamner
Det er viktig at kommunen legg opp til ein god struktur av småbåthamner i planarbeidet. Småbåthamner ved sjøen og vinterlagringsplassar utanfor strandsona er etter Fylkesmannen sitt syn den beste løysinga for oppbevaring av båtar. Slike anlegg legg band på mindre strandsone enn det naust for eit tilsvarande tal båtar vil gjere.

Småbåthamner bør lokaliserast til stader der utbygging kan skje utan store inngrep i landskapet eller i sjøen. Stader med enkel tilkomst frå landsida og med naturleg skjerming for vêr og stor sjø er å føretrekkje. Slik kan ein unngå sprenging, planering og bygging av molo. Det er også viktig å unngå konflikt med viktige friluftsområde og naturverdiar.

Naust
Fylkesmannen er kritisk til etablering av naust i område utan naust i dag. Eventuell fortetting i eller utviding av eksisterande naustmiljø må ta omsyn til strandsoneverdiane knytt til landskap, natur, friluftsliv og allmenn ferdsel. Med bakgrunn i innskjerpinga av strandsonevernet må storleiken på naust reduserast vesentleg i høve til det som har vore praksis dei seinare åra.

Naust er å rekne som uthus. For å unngå at naust vert nytta som fritidsbustad/bustad er storleik og utforming avgjerande. Kommuneplanar med naustområde må innehalde klare føresegner som styrer dette.

Fritidsbustader i strandsona
I samband med rulleringa av kommuneplanen får mange kommunar innspel om utlegging av nye område for fritidsbustader i strandsona. Dette er ikkje i samsvar med nasjonale arealpolitiske føringar. Når det kjem slike innspel, rår Fylkesmannen kommunane til å informere forslagsstillar om dette, og i staden be om innspel utanfor strandsona. Dersom tilgang til sjø og båtplass er ein del av framlegget, rår Fylkesmannen kommunen til å sjå etter eigna område for småbåthamn som kan knytast opp mot område for fritidsbustader.

Revisjon av gamle planar i strandsona
Mange stader gjeld gamle planar som opnar for uheldig utbygging i strandsona. I St.meld. nr. 26 (2006-2007) er det framheva som viktig at kommunane tek slike forelda planar opp til revisjon. Fylkesmannen rår til at kommunane følgjer opp denne oppmodinga i samband med rullering av kommuneplanen sin arealdel, og vurderer om utbyggingsområdeskal endrast eller takast ut av planen.