Oppheving av dispensasjon til oppdrettsanlegg i Vestnes kommune
Vestnes kommune gav dispensasjon til etablering av oppdrettslokalitet på Dragneset (Korsvika). Statsforvaltaren har oppheva vedtaket og sendt saka tilbake til kommunen for ny handsaming.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dispensasjon til delvis lukka oppdrettsanlegg
Hauge Aqua Farming AS søkte om dispensasjon frå interkommunal sjøplan for å etablere eit delvis lukka oppdrettsanlegg på Dragnes (Korsvika), der dei skal drive fram teknologiutviklinga av Egget®, eit lukka anleggssystem.
Planutvalet i Vestnes kommune innvilga dispensasjonssøknaden, men fleire naboar klaga på vedtaket. Saka blei oversendt til Statsforvaltaren som klageinstans.
Manglande grunngjeving
I dispensasjonsvurderinga må kommunen vurdere om omsyna bak føresegna det er søkt dispensasjon frå blir vesentleg tilsidesett ved å gje dispensasjon. I tillegg må fordelane vere klart større enn ulempene.
I denne saka måtte etablering av oppdrettsanlegget vurderast opp mot områdets natur- og friluftsinteresser. Det kom ikkje fram av kommunens vedtak korleis desse interessene var vurdert, og kvifor dispensasjonsvilkåra var oppfylte. Vedtaket vart difor oppheva og sendt tilbake til kommunen for ny handsaming.
Saka er ikkje endeleg avgjort
Vestnes kommune må etter dette ta stilling til dispensasjonssøknaden på nytt. Statsforvaltaren har ved vår sakshandsaming ikkje tatt stilling til om vilkåra for å gje dispensasjon er oppfylte.