Plannettverk for kommunane i Møre og Romsdal

Saman med fylkeskommunen arrangerte Statsforvaltaren plannettverk for kommunane i fylket den 5. og 6. april. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.04.2022

Tysdag 5. april møtte plannettverket for Sunnmøre på Scandic Parken hotell i Ålesund, medan plannettverket for Nordmøre og Romsdal møtte på Tingvoll Økopark onsdag 6. april. 

Tema for samlinga var mellom anna:

  • Planutfordringar i Ålesund og Tingvoll kommunar
  • Arealplanlegging vs. dispensasjon
  • Ny dispensasjonsrettleiar
  • Tettstadsutvikling 
  • Idédugnad for miljø, klima og energi 
  • Aktuelt frå Statsforvaltaren og fylkeskommunen

Det var svært kjekt å møtast igjen fysisk for første gong på nesten to år. 

Kontaktpersonar