Ålesund kommune må behandle planen for tunnelltraseen Breivika - Lerstad på nytt

Illustrasjon over prosjektet. Foto: Statens vegvesen.

Planvedtaket til Ålesund kommune er gjort i strid med reglane i plan- og bygningslova. Derfor har Statsforvaltaren oppheva planvedtaket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.10.2023

Ny E136 mellom Breivika og Lerstad

Ålesund kommunestyre vedtok i februar 2023 detaljreguleringsplan for endra tunneltrasé mellom Breivika og Lerstad. Kommunen hadde opphavleg planlagt for ein betongtunnel langs Lerstadvegen. I den nye reguleringsplanen blir tunnelen lagt noko lenger sør som ein tunnel gjennom fjellet.

Prosjektet er ein viktig del av bypakke Ålesund, og skal bidra til å fremje miljøvennleg transport. Den endra tunneltraseen er meint å redusere kostnadane for prosjektet.

Feil bruk av regelverket 

Klagesaka for Statsforvaltaren gjeld den delen av planen som regulerer areala over tunneltraseen, der det ligg eit bustadområde. I dette området har kommunen regulert ei omsynssone som slår fast at gjeldande reguleringsplan fortsett skal gjelde, seier Andreas Welle Rusten, fagleiar hjå Statsforvaltaren.


Vi ser at reguleringsplanen er viktig for Ålesund kommune. Det er likevel slik at plan- og bygningslova § 12-6 andre avsnitt slår fast at det i ein detaljreguleringsplan ikkje kan fastsetjast omsynssone der gjeldande detaljregulering skal gjelde uendra. Vår oppgåve i klagesaka er mellom anna å sjå på kommunens bruk av rettsreglar. Når planen er vedtatt i strid med den nemnte føresegna kan vi ikkje gjere anna enn å oppheve planvedtaket og sende saka tilbake til kommunen for ny behandling, seier Rusten.