Kommunane i fylket jobbar godt for å ta imot flyktningar
– Kommunane har snudd seg rundt. Alle seier at dei ønsker å hjelpe flyktningane frå Ukraina og at dei skal få dette til, seier statsforvaltar Else-May Norderhus.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det har kome rundt 700 flyktningar til Møre og Romsdal dei siste vekene. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet ønsker at Møre og Romsdal skal busetje 2835 flyktningar i 2022.
Kommunane står for integreringa
– Noreg skal vere budd for å ta imot minst 35 000 flyktningar, og det er kommunane som får dei fleste integreringsoppgåvene. Dei skal legge til rette for bustad, helsetenester, introduksjonsprogram, barnehageplassar og skoletilbod. Kommunane skal få særskilte tilskot frå staten for integreringsarbeidet dei gjer, seier statsforvaltar Else-May Norderhus.
Mange frivillige organisasjonar og enkeltpersonar ønsker også å bidra.
– Vi kan alle få nye naboar, ein ny klassekamerat, eller ein ny spelar på fotballaget. Så ansvaret for å gje dei ei varm velkomst gjeld oss alle.
Samordnar arbeidet
Statsforvaltaren er bindeleddet i kommunikasjonen og samordninga mellom nasjonale, regionale og lokale myndigheiter.
– Samarbeidet med kommunane er tett, med hyppige digitale møtepunkt der mottak og integrering av flyktningar no er tema, fortel fylkesberedskapssjef Stine Sætre.
Asylregistrering og mottak
Politiet i Kristiansund og Ålesund gjennomfører intervju med alle flyktningane som ønsker å søke asyl her i fylket.
– Det er viktig at dei som skal registrere seg ringer og avtaler tidspunkt for når dei skal kome til politistasjonen. Det er oppretta innkvarteringshotell for dei som ventar på registrering i Ålesund. Innkvartering er også på plass i Kristiansund, seier Stine Sætre.
So langt er det etablert fire akuttmottak i fylket – i Sunndal, Ulstein, Hareid og Rauma. Samla har mottaka plass til rundt 1000 personar. Det kan bli oppretta fleire akuttmottak.
Ønsker rask integrering
Fylkesberedskapssjefen fortel at integreringa av flyktningar skal skje raskt. Asylsøknadane vert kjapt behandla sidan søkarar frå Ukraina kjem inn under ordninga med kollektivt vern.
– Det kan difor gå kort tid frå personar vert registrert som asylsøkar og til dei er klare for busetjing i kommunane. UDI melder at dei behandlar om lag 1000 søknadar om dagen. Målet er at flyktningane raskt skal kome ut i arbeid eller utdanning.
Ulike behov
Else-May Norderhus seier at flyktningane som kjem til Møre og Romsdal har ulike behov for oppfølging og hjelp.
– Nokre skal innom asylmottak, medan andre vil bu med venner eller familie. Andre igjen treng akutt helsehjelp før dei i det heile tatt kan bli registrert som asylsøkar. Så dei har ulike situasjonar og behov som vi som samfunn må ta høgde for.
Statsforvaltaren poengterer viktigheita av god informasjonsflyt og rakse avklaringar i denne tida.
– Vi ser fram til at Justis- og beredskapsdepartementet i april vil gi Stortinget eit samla forslag til lovendringar på alle dei områda kor dei meiner det er viktig å tilpasse regelverket til å ta imot mange flyktningar på kort tid, seier statsforvaltar Else-May Norderhus.