Seminar om bruk av tre som bygningsmateriell 22. september 2016

Dato:
22. september 2016 09:30 - 16:10
Sted:
Romsdalsmuseet/Romsdal VGS, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Alle som arbeider med nye, eller rehabilitering av eksisterande bygg. Døme er byggherre, utbyggarar, planleggarar, arkitektar, treindustrien, entreprenørar, kommunane, etc.

Seminar om bruk av tre som bygningsmateriell og med nye Romsdal VGS som eksempel.

Publisert 23.08.2016

Tid:  22. september 2016

Stad:  Romsdalsmuseet / Romsdal VGS, Molde

Prosjektet «Tredrivaren» arrangerer seminar for å sjå nærare på  muligheitene for bruk av tre som bygningsmateriale. Det blir vist fram eksempel på type bygg og gode løysingar. Nye Romsdal VGS og «Krona på verket» blir nytta som eksempel.

1. del av seminaret er lagt til «Krona på Verket», Romsdalsmuseet sitt nye magasin- og utstillingsbygg som nyleg vert opna. I «Krona på verket» er det brukt tre som bygningsmateriale i deler av konstruksjonen og i fasaden. Siste del av seminaret er lagt til nye Romsdal VGS som er under bygging. Romsdal VGS blir bygd i limtre og massivtrekonstruksjonar.  

Tredrivaren er eit samarbeidsprosjekt med Møre og Romsdal Fylkeskommune, Innovasjon Norge, Møre og Romsdal Arkitektforening, Trefokus og Møre og Romsdal skognæringsforum der Fylkesmannen i Møre og Romsdal er prosjekteigar. Tredrivaren har mål om å auke bruken av tre og bidra til å vidareutvikle treindustrien.

Økonomi:  Deltakaravgift kr 600,- vert fakturert i etterkant av seminaret.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 15. september 2016.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
22. september 2016 09:30 - 16:10
Sted:
Romsdalsmuseet/Romsdal VGS, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Alle som arbeider med nye, eller rehabilitering av eksisterande bygg. Døme er byggherre, utbyggarar, planleggarar, arkitektar, treindustrien, entreprenørar, kommunane, etc.