Forvaltingsplanar for 8 naturreservat på Smøla

Fylkesmannen har i samarbeid med Smøla kommune laga framlegg til forvaltingsplanar for åtte naturreservat i Smøla kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.10.2012
Dette gjeld Aunvågen, Fløtjønna, Hopavassdraget, Kyrhaugvatna, Midt-Smøla, Remman, Sjøvågen og Sortna. Planane ligg på høyring fram til 1. desember 2012.

Forvaltingsplanane foreslår målsettingar for verneverdiane og brukarinteressene i området. Vidare viser planane korleis verneforskriftene skal tolkast og praktiserast. Til slutt foreslår ein tiltak gjennom skjøtsel, restaurering, overvaking og informasjon.

«Ein forvaltingsplan medfører ikkje noko skjerping i restriksjonsnivået eller nytt vern» understrekar seniorrådgjevar Ola Betten.

Planane foreslår m.a. å fjerne framande bartre og villmink. Det er også ønskjeleg å ha meir husdyrbeiting i nokre område. Det krevst god informasjon om verneverdiane gjennom skilting og brosjyrar.

Fylkesmannen oppmodar alle interesserte om å komme på informasjonsmøte på Smøla Rådhus onsdag 14. november kl. 19.00 – 21.00.

Eventuelle merknader kan sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde, eller postmottak@fmmr.no. Høyringsfristen er 1. desember 2012.