Glimrande gran på Nordvestlandet
Grana på Nordvestlandet har strålande eigenskapar. Det viser ein råvareanalyse for områda nord for Sognefjorden til og med Møre og Romsdal fylke.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 16.05.2013
Prosjektet Tredrivaren i Møre og Romsdal har i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane utført ein råvareanalyse for gran i områda nord for Sognefjorden til og med Møre og Romsdal fylke.
Analysen har sett nærmare på dei ulike virkeskvalitetane og foreslått produkt som denne grana er eigna til. Resultata viser at grana har gode virkeseigenskapar og har eit stort bruksområde. Den har god styrke, gode fibereigenskaper, høg mengde friskkvist, lite med kvaelommer og god stammeform.