Hugs å melde vinterskade på eng
Mange bønder har fått vinterskade på enga etter den harde vinteren, særleg i indre og høgare strok i fylket. For å få tilskott til utbetring etter vinterskade, er det viktig å gje melding til kommunen i god tid før utbetringa startar, slik at vinterskadane kan kontrollerast.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Føretak med store vinterskader på eng kan få tilskott til utbetring av eng etter vinterskade. Tilskottet skal bidra til at føretaket kan få ei avling av gras eller grønnfôr som kan haustast det same året, slik at avlingssvikten blir redusert.
Vinterskader på eng er skader forårsaka av:
- frost
- isdekke
- vassdekke
- uttørking
- oppfrysing
- biotiske forhold som overvintringssopp
Føretaket må gje melding om vinterskada eng til kommunen i god tid før utbetringa startar, slik at kommunen kan kontrollere vinterskadane. Utbetringa må gjerast så tidlig at enga kan gje avling i skadeåret, og seinast innan 15. juni. I strøk av landet der veksten kjem seinare i gang, kan fylkesmannen gje dispensasjon fra denne fristen.
For at tilskottet skal kunne gjevast, må engarealet etter utbetring vere pløgd, harva, fresa eller direktesådd og vere tilsådd med frø av eng- og/eller grønnfôrvekster. Når tiltaket er ein del av normal fornying av enga om våren, skal det ikkje gjevast tilskott.
Tilskottet vert utrekna etter ein fast sats på kr 330 pr. dekar for det arealet som er tilskottsberettiga.
Tilskottsberettiga areal er det arealet som er utbetra fråtrekt 20 % av det totale engarealet til føretaket (eigenrisiko/eigenandel)
Søknad om tilskott må sendast innan 15. juli i skadeåret, i lag med dokumentasjon på at enga faktisk er utbetra.