Forskrift om tilskott til drenering er klar
Landbruks- og matdepartementet har fastsett forskrift om tilskott til drenering av jordbruksjord. Det er i jordbruksavtalen sett av 100 millionar kroner for 2013 og 100 millionar kroner for 2014 til drenering. Både eigar av jordbruksjord og leigar av jordbruksjord kan søke kommunen om tilskott.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 27.06.2013
God drenering er avgjerande for å kunne auke matproduksjonen i åra som kjem. Det er også eit viktig ledd i å tilpasse jordbruket til eit endra klima med meir nedbør.
Søknader om støtte til drenering skal sendast til kommunen.