Landbruket i Tingvoll presenterer seg i brosjyre
Landbruket i Tingvoll bidrar med gode og robuste arbeidsplassar, levande lokalsamfunn og rikt kulturlandskap. I tillegg forvaltar næringa naturressursane på ein berekraftig måte. Tingvoll kommune og Landbruksrådet i Tingvoll ønskjer gjennom ei nylaga brosjyre å vise kva landbruket betyr for kommunen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 03.06.2013
I brosjyren vert det fortald dei gode historiene om det mangfaldige landbruket i kommunen - frå hobbybønder og tradisjonelle mjølkeprodusentar til osteprodusentar og samdriftsbønder.
Landbruket er viktig i Tingvoll. Arbeidsinnsatsen utgjer 9,5 prosent av sysselsetjinga i kommunen.