Rikast og fattigast i landet
Møre og Romsdal er på topp og på botn i norsk kommuneøkonomi. Mens Aukra er av dei rikaste, er Stranda den mest gjeldstynga kommunen i landet. Det går fram av Fylkesmannens nye rapport som viser utviklingstrekka i kommuneøkonomien.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rapporten er laga av Sissel Hol og Martin Gjendem Mortensen hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Rapporten viser at fleire kommunar i fylket slit tyngre enn før, men samla sett er kommuneøkonomien i Møre og Romsdal i betring.
Møre og Romsdal spesiell
-Situasjonen i Møre og Romsdal er spesiell. Vi har kanskje den rikaste og fattigaste kommunen i Noreg. Aukra har hatt det høgaste netto driftsresultatet i landet dei to siste år, medan Stranda har bygd seg opp den desidert høgaste gjelda. Fylket har også ein uvanleg stor del Robek-kommunar, altså kommunar som er satt under utvida statleg kontroll på grunn av økonomiske problem, seier rådgivar Martin Gjendem Mortensen.
Dei rike og dei fattige kommunane i fylket lever i heilt forskjellige verkelegheiter. Stranda kommune må bruke store delar av inntekta for å betale renter og avdrag på gjelda, og har i tillegg nytta ein dispensasjonsregel i kommunelova for å dekke inn tidlegare underskott over ti år. Aukra kommune opplever ein heilt anna situasjon, og har til dømes pengar nok til å vere med å finansiere felles tiltak andre steder i regionen.
Rekneskapssminke held resultata oppe
Netto driftsresultat er hovudindikatoren for økonomisk balanse for kommunane. Netto driftsresultat for kommunane i Møre og Romsdal er fjerde lågast samanlikna med kommunane i dei andre fylka. I 2012 var det ei betring i netto driftsresultat, men bak tala er det fleire midlertidige faktorar som gjer at netto driftsresultat vart høgare. Mortensen legg ikkje skjul på at rekneskapssminke er med på å halde resultata oppe i mange kommunar.
-Netto driftsresultat er heldt oppe av kompensasjon på MVA på investeringar som skal overførast til investeringsrekneskapet og andre bundne midlar som kommunen ikkje kan nytte etter eiget ønskje. Korrigerast netto driftsresultat for dei forholda er netto driftsresultat enda lågare, og ein kommune kan ha eit positivt netto driftsresultat, men framleis gå med underskott, seier Mortensen.
På nasjonalt nivå er det tilråd at netto driftsresultat er på minst tre prosent av driftsinntektene for at kommunane sin formue skal bli ivaretatt. Ifølge Mortensen er netto driftsresultat for kommunane i Møre og Romsdal er på 1,2 prosent av driftsinntektene dei siste fem åra under eitt.
-Det viser at sjølv om netto driftsresultat isolert sett vart styrka i 2012, er det fleire indikatorar som tilseier at den underliggjande økonomiske balansen er svekka.
Høg gjeldsbør
Lånegjelda til kommunane i Møre og Romsdal har lenge vore høgare enn landsgjennomsnittet. Medan gjeldsveksten har flata ut for landsgjennomsnittet dei siste åra, held veksten i lånegjelda fram her i fylket. Det fører til at det er mindre midlar igjen til tenesteproduksjon, når stadig meir av inntekta er bunden opp i renter og avdrag. Utviklinga gjer Fylkesmannen bekymra.
-Vi er bekymra fordi vi tolkar dette som eit symptom på at kommunane ikkje har råd til å finansiere investeringane med eigenkapital. Det fører til ein ond spiral der det stadig blir dyrare å vere fattig, seier Mortensen.
Utfordringar framover
Det er fleire utfordringar for kommuneøkonomien i åra som kjem. Uro i internasjonal økonomi gjer at staten nøye må vurdere kor ekspansive overføringane til kommunesektoren kan vere. Rentenivået er lågt no, og med høg gjeld er kommunane sårbare om renta stig til det nivået renta var på i 2007 og 2008. Pensjonskostnadane kan auke på grunn av høge lønsoppgjer og låg rente. Dette er generelle utfordringar kommunane står ovanfor. Fleire år med gjeldsoppbygging og låge netto driftsresultat er i ferd med å innhente kommunane i Møre og Romsdal. Det gjer at behovet for å omstille og redusere tenesteproduksjonen vil vere meir presserande her i fylket enn i andre delar av landet. Kommunane som har svak økonomi no er sist ut av startblokka for å møte utfordringane i åra framover. I fjor var det mykje merksemd rundt kuttforslag og eigedomsskatt når kommunane behandla årets budsjett, både i media og blant innbyggarane.
Martin Gjendem Mortensen trur ikkje det blir færre harde budsjettdebattar i kommunane til hausten.
- Det vil nok vere like mange, om ikkje fleire, debattar om kutt i tenestene til innbyggarane eller eigedomsskatt for neste års budsjett. Situasjonen er tøff for mange kommunar, og det krevjar tøffe politikarar som tørr å prioritere.