Solholm tilbake i klasserommet
Fylkesmann Lodve Solholm vitjar fire skular i fire kommunar i dagane 11.-13. mars. På skulane skal Solholm ta opp att sitt gamle yrke som lærar, og halde ein skuletime med tema: Grunnlova, demokratiet og barn og unges medverknad.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er Frei ungdomsskule, Helland skule på Vestnes, Sjøholt skule og Volda ungdomsskule som får besøk av fylkesmannen. Som ein del av Grunnlovsfeiringa i Møre og Romsdal har Solholm på eige initiativ bestemt seg for å besøke nettopp desse skulane. Solholm gler seg til å ta opp att gamle kunstar bak kateteret.
_ Det er eit fint høve til å lære dei unge om grunnlova og demokratiet. Eg gler meg til å vere lærar igjen, det blir morosamt og utfordrande. Det er eit svært givande yrke.
Lodve Solholm tok lærarskuleeksamen i Volda i 1972 og har vore lærar på Vestnes, Sjøholt og i Volda, før han vart politikar og seinare fylkesmann. Det er difor til dels kjente skular han skal besøke.
-Det skal bli ekstra spennande å kome tilbake til desse skulane. Litt usikker er eg rett nok på om eg greier å halde like god ro og disiplin i klasserommet som før, men eg trur det skal gå bra, seier Solholm med eit smil.