Fare for skred ved Mannen
Over helga vart det iverksett skjerpa overvaking av fjellsida ved Mannen i Romsdalen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Observasjonane i fjellsida indikerer er at det i fjellsida er auka fare for skred – ikkje store nok til å råke busetnad eller infrastruktur, men som det heilt klart vil vere mogleg å observere.
Fylkesmannen understreker at observasjonane i fjellsida og dei geofaglege vurderingane ikkje peikar i retning av auka fare for eit stort fjellskred frå Mannen. Det er heller ikkje noko som tyder på at situasjonen vil utvikle seg mot heva fare- og beredskapsnivå.
Inntil det eventuelt vert aktuelt å heve beredskapsnivået til gult nivå, blir situasjonen handtert av Åknes/Tafjord Beredskap IKS og Rauma kommune.