Samling skal inspirere bygdemobiliserarar

Sekken tiltaksnemnd og fylkesmannen inviterer til inspirasjonssamling for alle som er opptekne av lokalsamfunnsutvikling og bygdemobilisering. Tid og stad er 25. september på Sekken ungdomshus utanfor Molde.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.09.2015

Fylkesmannen har støtta bygder som har arbeidd med utviklingsarbeid i mange år. Bygdene Sekken, Norddal, Flemsøya/Skuløya og Ålvundeid er dei bygdene som har fått tilskott i 2015. Konferansen er meint å gje inspirasjon om tema som natur- og kulturturisme,  å vere ung i bygda og å ha trua på eige arbeid. I tillegg vil deltakarane på konferansen kunne lære av erfaringane som bygdene Trysil og Angvik har gjort og skaffe seg nettverk blant andre bygdemobilisererar.

Dokumenter