God oppslutning om politikaropplæringa
Om lag 350 politikarar har delteke på Fylkesmannen si politikaropplæring.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen har denne og førre veke gjennomført opplæring for politikarane om ulikt regelverk som dei har nytte av å kjenne til.
Opplæringa har vore lagt til Surnadal, Molde, Ålesund og Ulstein.
Samlingane har gjeve dei folkevalde høve til å møte politikarar frå andre kommunar, knyte kontaktar, diskutere problemstillingar, få nye impulsar, utveksle idèar og bli betre kjende.
I dag gjekk den siste opplæringa av stabelen i Ulsteinvik.
I tillegg til eigne ressursar hadde vi med oss innleiarar frå fleire samarbeidspartar:
- Husbanken
- Kommunalbanken
- IMDI
- Fylkeskommunens planavd
- Distriktssenteret
Gjesteforelesarar:
- Ordførar i Moss Tage Pettersen og
- Kommunalsjef i Lier Synnøve Tovsrud.
Her finn du programmet og presentasjonane frå opplæringa, samt strømming av presentasjonen til ordførar Tage Pettersen i Moss kommune, «Strategisk planlegging i Moss og Mosseregionen», som han holdt i Surnadal og Molde 6.-7. januar.