Den nye bygda – tema under Vestlandsk Vidsyn
Arbeidsinnvandring og den nye bygda er sentrale tema under konferanse i Ålesund 24. og 25. september 2013. Arbeidsinnvandring er positivt for kommunane, men skaper samtidig nye utfordringar og behov for andre løysingar enn vi er vant til.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Både arbeidsgjevarar, kommunar og lokalsamfunn møter desse utfordringane. Konferansen legg vekt på å overføre erfaringar og forsking til praktisk arbeid.
Vestlandsk Vidsyn er ein årleg møteplass for alle som brenn for lokal samfunnsutvikling. Konferansen blir gjennomført i Ålesund og Rica Parken Hotel tysdag 24. - onsdag 25. september 2013. Arrangør er fylkesmennene og fylkeskommunane i vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal og Distriktssenteret. Distriktssenteret dokumenterer resultata av arbeidet distriktskommunar gjør for å utvikle attraktive lokalsamfunn.
Interesserte kan laste ned foredrag ved å besøke www.vestlandskvidsyn.no. Foredrag frå konferansen 2013 finst under menyen Bibliotek