Læreplanarbeid, vurdering og sentralt gitt eksamen i grunnskolen skoleåret 2021-2022
Under har vi samla ein del viktig informasjon frå Utdanningsdirektoratet sine sider knytt til arbeidet med nye læreplanar og kva som er nytt på vurderingsfeltet etter innføringa av LK20.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dette skrivet gir ikkje ei totaloversikt over arbeidet med nye læreplanar og vurderingsfeltet. For å halde deg oppdatert, følg med på nettsidene til Utdanningsdirektoratet. Her finn ein meir og utfyllande informasjon.
Vurdering i grunnskolen - Etter innføringa av nye læreplanar (LK20)
Dette skoleåret skal alle elevar i grunnskolen ha opplæring, undervegsvurdering, standpunktvurdering og eksamen etter nye dei nye læreplanane i faga. Det er difor viktig at faglærarar, individuelt og i fagteam, får sett av tid til å arbeide planmessig og godt med endringane. I særleg grad gjeld dette faglærarar som skal fastsette standpunktkarakterar og har elevar som skal ha eksamen våren 2022.
Det ligg svært mykje informasjon på UDIR sine sider om innføring av LK20, revidering av forskrift til opplæringslova, standpunktvurdering og ny eksamen. Vi har lagt lenkjer til sentrale artiklar, dokument og samlesider i høgremargen. Vi minner også om UDIR si samleside som skal støtte skolar og skoleeigarar i arbeidet med innføringa av nye læreplanar i faga. På denne sida finn ein gode ressursar, støttemateriell, filmar og planleggingsverktøy for lærarar. Ein finn også lenkje til kompetansepakka: Støtte til arbeid med læreplanverket. I løpet av vinteren 2022 vert denne kompetansepakka utvida med ein modul om vurdering.
Eksamen i sentralt gitte fag i grunnskolen etter innføring av LK20
Vi oppmodar skoleleiing og lærarar til å sette seg grundig inn i endringane som gjeld eksamen. Sjå lenke i høgremarg: Endringar i eksamen. Det er svært viktig at også elevane vert førebudd på ny eksamen gjennom å bruke eksempeloppgåvene som er utarbeidde. Passord er sendt til skolane.
Særleg med tanke på endringane som er til eksamen er det viktig at flest mogleg skolar foreslår fagpersonar i PAS (opnar medio/slutten av januar). Sensorskolering og sensorarbeid vil gje den enkelte sensor og skolen ei god, fagleg oppdatering på vurdering og kva som er nytt til eksamen.
Grunna nye eksamenar etter LK20 har UDIR gitt signal om at sensorskoleringa vert todelt våren 2022: Ei digital samling vil bli gjennomført i samarbeid med Utdanningsdirektoratet i april. Den ordinære sensorskoleringa vert arrangert i Molde fredag 3. juni 2022. Meir informasjon kjem.
Eksamensmøte for eksamensansvarleg på skole- og kommunenivå vert arrangert digitalt onsdag 9. februar 2022.
Fellessensur i norsk, engelsk og matematikk vert arrangert i Molde den 15. juni 2022.
Kontaktpersoner
-
Annhild Lorentzen
Tlf: 71 25 85 96 -
Tone Malme
Tlf: 71 25 85 66