Dronning Sonjas skolepris 2023
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal søker kandidatar til Dronning Sonjas skolepris 2023. Tenk om prisen kunne gå til ein skole frå Møre og Romsdal i år! Skolane må sjølv lansere seg som kandidat til prisen innan 20. juni 2023 ved å fylle ut eit skjema.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Skolen kan fylle ut dette skjemaet for å lansere seg sjølv til prisen ...
Du må lagre skjemaet og sende det til: sfmrpost@statsforvalteren.no og jorunn.nesje@statsforvalteren.no
Om prisen
Dronning Sonjas skolepris vert delt ut kvart andre år til ein skole som har utmerka seg ved å praktisere likeverd og inkludering. Vinnarskolen får 250 000 kroner, eit kunstverk som Dronninga har laga og eit diplom.
Hennar Majestet Dronning Sonja tok sjølv initiativ til denne skoleprisen i 2005. Prisen vart delt ut for første gong i 2006.
Utdanningsdirektoratet administrerer arbeidet med Dronning Sonjas skolepris og har nemna opp ein jury som vel vinnaren i år. Juryen sin leiar er Inga Bostad.
Kriterier for prisen
- Skolen arbeider langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med elevanes læringsmiljø.
- Skolen praktiserer likeverd og inkludering på ein slik måte at kvar enkelt elev opplever å bli verdsett i eit miljø prega av medverknad, tryggleik og fellesskap.
- Skolen vert kjennetegna ved positive relasjonar mellom elevane og dei tilsette, og elevane imellom - og ved eit godt samarbeid mellom skole og heim.
- Likeverd betyr at alle elevar skal få oppleve at dei vert møtt på ein likestilt og verdig måte. Inkludering som er eit vidare begrep enn integrering, betyr at alle skal oppleve at dei er anerkjende deltakarar i skolefellesskapet.
Slik foregår nominasjonen
Etter at skolane har lansert seg sjølv som kandidat, går Statsforvaltaren gjennom forslaga og nominerer ein eller fleire av fylket sine skolar vidare til juryen innan 30. august 2023.
Vinnarskolen får:
- 250 000 kr
- Diplom
- Eit kunstverk laga av H.M. Dronning Sonja