Tilskotsordning for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskule
Frå 1. januar 2026 blir ny tilskotsordning for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og skule innført. Den erstattar både regional ordning, desentralisert ordning og kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Her finn du informasjon om den nye ordninga.
Behovsmelding for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage, grunnskole og SFO – 2026
Arbeidet med behovsmelding for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage, grunnskole og SFO i 2026 kan no starte opp. Her får du oversikt over kva som krevst, og kva fristar som gjeld.
Publisert 17.12.2025
Nominasjon til samarbeidsforum for kollektiv kompetanseutvikling 2026–2027
Frå 2026 blir dagens ordningar for kompetanseutvikling i barnehage og skole samla i ei ny, felles ordning. No treng vi forslag til kven som skal sitje i det nye samarbeidsforumet for kollektiv kompetanseutvikling i fylket.
Publisert 17.11.2025, Sist endra 26.11.2025
Informasjon om tilskotsordning for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskule
Arbeidet med å innføre den nye tilskotsordninga for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskule frå 1. januar 2026 er godt i gang.