Informasjon om tilskotsordning for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskule
Arbeidet med å innføre den nye tilskotsordninga for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskule frå 1. januar 2026 er godt i gang.
Statsforvaltaren har utarbeidd eit forslag til ny struktur for samarbeidsforum i Møre og Romsdal. Forslaget inneber eitt samarbeidsforum i fylket med 12 medlemmar med personlege vara i same rolle.
Oppgåvene til samarbeidsforumet blir å utarbeide ein langsiktig plan med prinsipp for fordeling av tilskotsmidlar, i tråd med kriteria i forskrifta. I tillegg skal forumet drøfte det årlege fordelingsforslaget frå Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren har sendt ut ei høyring til alle deltakarar i fylket, med svarfrist 5. desember. Du kan sende inn svar på høyringa i skjema for innspel til framtidig organisering av samarbeidsforum i Møre og Romsdal.
Meir informasjon om forslaget finn du i dokumentet Informasjon om ny tilskotsordning (PDF).
Spørsmål og svar om ny tilskotsordning
Du finn informasjon om ordninga her på nettsida vår.
Ja, høyringsfristen er forlenga til 5. desember. Dette er oppdatert i forslag til ny struktur for samarbeidsforum i Møre og Romsdal (PDF) som er til høyring.
Du kan gje innspel til forslaget i skjema for innspel til framtidig organisering av samarbeidsforum i Møre og Romsdal.
Vi vidarefører den lokale fristen som er 15. februar.
Vi arbeider med å få på plass ei løysing for innsending av søknader. Informasjon om dette vil bli lagt ut her på nettsida vår fortløpande.
Kvart partnarskap må sende inn søknad, men det er nok at éin av partnarane søkjer, anten:
a) Private eller offentlege barnehage- og skuleeigarar, eller eit nettverk av eigarar.
b) Universitet eller høgskular som er ein del av eitt eller fleire partnarskap i Møre og Romsdal.
Søknaden skal sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Nærmare informasjon om korleis vi tar imot søknadene vil bli lagt ut her på nettsida vår så snart som mogleg. Fristen for å søke er 15. februar.
Det er Regjeringa sin strategi for kompetanse- og karriereutvikling for ansatte i barnehage og skole (PDF) som er overordna for tilskotsordninga. Fram til 1. januar 2026 gjeld forskrifta Retningslinjer for tilskuddsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring.
I 2026 blir det utarbeidd ei langsiktig plan for vårt fylke, som skal leggjast til grunn for det vidare arbeidet.